Hold Ctrl-tasten nede (Cmd på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Lytt til tekst
Skriv ut side
Facebook
Lukk

Tips en venn om nettstedet

Din venns e-postadresse
Ditt navn
Din beskjed
(URL til nettstedet blir automatisk lagt inn i e-post meldingen.)

Send tips

Politisering og pedagogisk motstand

15.03.2021 | Omtala av Reidar Dale

- Veien til barneorientert praksis

Boka begeistra, provoserte, fasinerte og irriterte.

Lars Løvlie er pedagogisk filosof og professor emeritus ved universitetet i Oslo. Idolet hans er Jean-Jacques Rousseau, og lesaren blir godt kjent med sistnemnde i løpet av dei 144 sidene.  Løvlie er forresten også æresdoktor ved Örebro universitet.

Boka har fire tema som blir behandla gjennom like mange essay. Ved val av essay som sjanger, kan ein koma unna med det meste. Boka er ei subjektiv meiningsytring, og forfattaren ser ikkje «saka» frå fleire sider. Sjangeren essay er underhaldande og utfordrande i stilen, og forfattaren gjer ikkje skam på sjangeren, sjølv om boka kanskje er litt meir utfordrande enn underhaldande. 

Politisering og pedagogisk motstand tek for seg moderniseringsreformer i den norske skulen dei siste 30 åra. Det første temaet om «den uekte lodning» fortel korleis dei vart innførte – frå Reform 94 og -97 til Moderniseringsprosjektet og Kunnskapsløftet. Kapitlet sparkar godt frå seg, og det blir m.a. raljert med dei tidlegare kunnskapsministrane Gudmund Hernes og Kristin Clemet. I starten går det verst utover Hernes, som forfattaren skildrar som ein maktglad person, som m.a. fekk ei stortingsmelding skriven i all hemmelegheit.

Forfattaren har stor tiltru til quiz-kunnskapen til lesaren når han skriv at den uekte lodning «er som kjent Henrik Wergelands betegnelse på dansketiden, den som skilte Norge fra sin folkelige bestemmelse». Løvlie skildrar den uekte lodning som bruk av målstyring og dokumentasjon, prestasjon og konkurranse, med pakketilbod for å kunna disiplinera og driva åtferdskontroll.

Forfattaren gjer greie for moderniseringsreformene som ein «top-down» politisk styrt prosess der politikarar har sytt for at det er embetsverk, departement og teknokratar som styrer skulen. Lærarar er «knektar og prygelknabar»[1], seier Løvlie, der fasiten i skulen er å finna i eit testregime med mål- og resultatstyring som mantra. Det er ikkje berre Løvlie som er ihuga motstandar av reformene, og han nyttar ein del plass på å synleggjera denne motstanden. Framstillinga av «motstandsbevegelsen» er noko Oslo-dominert.      

Det andre temaet handlar om pedagogikken, det tredje om oppsedinga, og det fjerde – som er ein slags raud tråd gjennom store delar av boka – om det indre liv hos eleven.       

Moderniseringsreforma handla ikkje om pedagogiske val og grunngjeving for dei, men om eksperimentell innovasjon, for Kristin Clemet hadde ingen idé om pedagogikk, fortel Løvlie. Forfattaren dreg parallellar mellom Halle-pedagogikken i pietismen og moderniseringsreforma. Teologen August Hermann Franke (1663-1727) sitt pedagogiske livsverk gjennom skulen i Halle vart forma i forsøket på å styra livet til borna - tufta på kontroll, overvaking, straff, tvang, prøver og vurderingar. Det var læra om syndefallet som styrte oppsedinga i pietismen. Det er «læringstrykket som kunstig motivering» som styrer skulekvardagen i dag – der elevane skal stå for læringa og læraren for trykket, ifølgje Løvlie. Måten å læra på er gjennom reglar, overvaking, straff (ikkje fysisk) og tvang.

Forfattaren har meir sans for «vekkelsesbevegelsen» med Hans Nielsen Hauge i spissen. For med Hauge kom Gud til å bli ein åndeleg inspirasjon. Vegen frå synd til nåde går frå eiga tenking til tru, på mange måtar slik Løvlie drøymer om: Læraren skal vera autonom, og pedagogikken skal bidra til og gi rom for eit indre liv hos eleven – noko som ikkje er styrt av eit ytre press, men som ut frå eleven si eiga tenking blir til ei tru som gjer han eller henne i stand til å meistra faga, skulen og livet. Ikkje overraskande har Løvlie ikkje mykje sans for det tverrfaglege temaet «folkehelse og livsmeistring» i det nye læreplanverket. Han kallar det forresten for eit fag, men det er feil. 

Løvlie meiner akkurat det same som idolet og læremeisteren sin, Jean-Jacques Rousseau (1712-1778), at læraren skal leggja til rette og ikkje dominera. Relasjonen er viktigare enn metoden, og omsorg er viktigare enn disiplin.

Det er viktigare å tapa tid enn å vinna tid i oppsedinga, meinte Rousseau. Eleven Løvlie er samd. For elevar i dag er dominerte av jaget etter å få høg skåre på kartleggingar og undersøkingar. Det dominerte barnet er eit farleg barn, åtvarar duoen om. Løvlie følgjer Rousseau sine fotspor vidare. Det tek tid å lytta til eleven. Å byggja god relasjon tek tid, og gode samtalar tek tid. I skulen i dag er dette ikkje mogleg, meiner Løvlie. Ein pedagogikk basert på forholdet mellom lærar og elev, eksisterer ikkje i dag.

Løvlie minner ofte lesaren på, både indirekte og direkte, at elevar i dag er reduserte til objekt som heile tida skal målast og vegast. Forfattaren viser til Alison Gopnik som seier at barn går gjennom fleire paradigmeskifte, men at desse ikkje følgjer eit skjema. Godt sagt, meiner Løvlie. Godt sagt, meiner underteikna.

Kva er løysinga her – for eleven? Men, før eg går inn på forfattaren si løysing for å «frelsa elevar i dag og i framtida frå det vonde», vil eg stoppa opp ved det han meiner var betre før. Vel, det stoppet blir kort, for det får vi diverre ikkje vita.

Løysinga er at pedagogikk skal vera eit arbeid til opplysing og grunngjeving, ikkje eit verkty. Språket står naturlegvis sentralt her, og det er ifølgje forfattaren redusert til eit verkty der moderniseringsreformene er forteljinga om eit åtak på det språklege mangfaldet. Dette åtaket er utan sidestykke i norsk pedagogisk historie. Det må skapast kultur for samtale, nett slik Rousseau la vekt på i danningsromanen Emile. Det gjeld å bry seg og å sjå heile mennesket, og difor har Løvlie stor sans for den verkelege læraren med det fiktive namnet Anette. Ho er til stades i eleven sitt liv. Ho nyttar det ytre spelerommet til å utforska eleven sitt indre liv. Anette er empatisk og lyttar når eleven deler erfaringar og opplevingar. Språket og det sosiale byggjer på kvarandre, seier Løvlie, og relasjonar er eit nøkkelomgrep. Læraren kan ikkje berre vera fagperson, han må også vera omsorgsperson.                 

Boka er full av paradoks. På den eine sida finn vi paradoks som forfattaren set eit kreativt og originalt lys på, og på den andre sida viklar han seg sjølv inn i eit paradoks. Eller er det slik at denne viklinga er genial i ånda til filosofen Rousseau?

Rousseau gav vekk dei fem borna han fekk, og den sveitsiske filosofen har måtta tola mykje kritikk for at han aldri snakka med elevar eller born om kva dei meinte var viktig. Han førte ordet for og fortalde om tankane til Emile. Han var eit offer for si tid, seier Løvlie. Forfattaren tek ein Rousseau i siste kapitlet. Han fører ein samtale med lesarane av denne boka. Genialt? Eg ser kvar han vil, men nei! Løvlie er ikkje eit offer for si tid.

Lukkast forfattaren så med essayet sitt? I hovudsak, ja! Lars Løvlie fekk til det underteikna trur han er på jakt etter hos meg som lesar. Han vil ikkje at eg skal vera samd i alt det han skriv, men «filosofen» vil at eg skal vera reflekterande og undersøkjande. Løvlie skriv at han er storsinna som gjev seg i kast med denne sjangeren, og fortel at det er tre krav til eit fagleg essay: 

  1. Språket bør friska opp, og resonnementet skal vera klargjerande. Check!
  2. Dokumentasjonen bør vera relevant og informasjonen presis. Delvis, check!
  3. Argumentasjonen bør vera konsistent og grunngjevingane truverdige. Delvis, check!

Skulen i dag er styrt av klokka, seier Løvlie. Ja vel! Akkurat der har i alle fall lite endra seg på 43 år, for eg minnest at det var på same måten då eg byrja på Tellnes skule i 1978.

Då ringjer det ut. God lesing!

Boka er gitt ut på Fagbokforlaget (2020)