Hold Ctrl-tasten nede (Cmd på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Lytt til tekst
Skriv ut side
Facebook
Lukk

Tips en venn om nettstedet

Din venns e-postadresse
Ditt navn
Din beskjed
(URL til nettstedet blir automatisk lagt inn i e-post meldingen.)

Send tips

Mobbeloven

29.09.2020 | Omtala av Reidar Dale

Opplæringslovens kapittel 9 A og god praksis.

Sjølv om elevundersøkinga i 2019 viste det lågaste talet på mobbetilfelle sidan 2007, er det likevel 6 % som rapporterer at dei blir mobba, og 5 % fortel at dei mobbar andre regelmessig. Erling Roland, som er forfattar av «Mobbeloven», tek for seg både ofre og utøvarar, men sjølv om det er dei det handlar om til sjuande og sist, er det forståinga av mobbelova og god praksis i mobbesaker det blir sett sterkast lys på.  

Når det gjeld fagområdet mobbing i skulen, er Erling Roland for ein nestor å rekna. Han er professor i pedagogisk psykologi og arbeider ved Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning ved Universitetet i Stavanger. Han har skrive ei rekkje artiklar og bøker som handlar om mobbing.

Erling Roland har valt å dela den 164 sider lange boka inn i to delar. Den første delen har 7 kapittel med «Bakteppe» som overskrift. Den andre heiter «Aktivitetsplikt og håndheving». Forfattaren er ikkje den einaste som kallar kapittel 9A i Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa for ‘mobbelova’. Kapitlet i lova har 16 delparagrafar. Roland konsentrerer seg i hovudsak om tre av dei: § 9A-2. Retten til eit trygt og godt skulemiljø, § 9A-3. Nulltoleranse og systematisk arbeid og § 9A-4: Aktivitetsplikt for å sikra at elevar har eit trygt og godt psykososialt skulemiljø. 

Allereie i det første kapitlet, der kjernen i det nye regelverket i § 9A i mobbelova blir introdusert, får ein ei kjensle av at det som kan verka så klart og tydeleg i lova, ikkje er det likevel. Det påfølgjande kapitlet er viktig, fordi det set premissar for «God praksis», som er overskrifta på det nittande og siste kapitlet i boka. Kapitla 3 til 5 handlar om historia bak § 9A. Den er interessant fordi ho fortel noko om kva som skjedde på vegen frå utgreiing (Djupedal-utvalet), via stortingsproposisjon og til endeleg vedtak i Stortinget.      

I kapittel 6 tek Roland for seg dei mest sentrale ledda i paragraf 9A, og reflekterer over sentrale omgrep: ‘trygt og godt skulemiljø’, ‘krenkingar’, ‘mobbing’, ‘vald’, ‘diskriminering’, ‘trakassering’, ‘subjektiv oppfatning’, ‘ikkje bevis, men fakta’ og ‘nulltoleranse’. Det er mykje problematisering i refleksjonane, og han legg ikkje skjul på alle manglane han meiner stortingsproposisjonen har. Kan henda set han noko av det litt for mykje på spissen, men i all hovudsak er det lett å vera med på dei problemstillingane han reiser. I proposisjonen finst m.a. ingen definisjon på kva mobbing eller trakassering er.

Forfattaren meiner at mange skular ikkje lukkast med tiltaka sine fordi dei ikkje veit kva mobbing er, og at dei ikkje forstår drivkreftene bak. Er det reaktiv aggressiv mekanisme eller proaktiv aggressiv mekanisme ein skal leggja til grunn når det gjeld utøving av mobbing? Det sjuande og siste kapitlet i del I gir svar på det spørsmålet. Forfattaren gjer på ein lett forståeleg måte greie for desse drivkreftene eller «mobbingens psykologi». Ifølgje Roland er det for mange lærarar og skular som legg reaktiv mekanisme til grunn – at åtferda kjem av frustrasjon og sinne. Proaktiv mekanisme er knytt til stikkord som makt, status og det å høyra til.

Lærarar og andre vaksne i skulen kan også mobba elevar. I følgje elevundersøkinga 2019, blir 1,8% av elevane mobba av ein vaksen ved skulen. I og med at det er, jf. § 9 A-5, skjerpa aktivitetsplikt dersom ein som arbeider ved skulen krenkjer ein elev, synest eg Roland underkommuniserer alvoret når han berre spanderer nokre få avsnitt på det i boka.   

Del II er praksisorientert. Her er det i hovudsak handhevinga av § 9A-4, om aktivitetsplikt for å sikra at elevar har eit trygt og godt psykososialt skulemiljø, som er tema. Før Roland går laus på krava i aktivitetsplikta, viser han korleis kollegafora og innsatsteam kan bli brukt i arbeidet mot mobbing. Forfattaren reklamerer i kapittel 8 for korleis Læringsmiljøsenteret, som han arbeider ved, kan vera med på å etablera slike team.        

Kapitla 9 til 17 handlar om aktivitetsplikta; å følgja med, å gripa inn, å varsla, å undersøkja, å setja i verk tiltak og å følgja opp. I tillegg kjem Roland inn på dokumentasjon og evaluering.  Sjølv om det handlar mykje om praksis, er det også refleksjonar rundt kva ein skal leggja til grunn og korleis forstå dei ulike omgrepa. Den tidlegare nemnde proposisjonen til mobbelova følgjer lesaren gjennom så og seia alle kapitla. Roland kallar han radikal ved eitt høve, noko som kanskje er ein radikal påstand.

Når Roland på systematisk vis går laus på krava som aktivitetsplikta i § 9A inneberer, opptrer han som ein god autoritativ lærar. Han er på ein taktfull måte tydeleg om kvar grensene skal gå, samstundes som fokuset er på relasjonane mellom lærar og involverte partar i mobbesaker.      

‘Å følgja med’ handlar om å bry seg, og Roland tek for seg ulike måtar å følgja med på, slik som samtalar og konferansar, vaktordning, observasjon og elevundersøkingar – både av det anonyme og ikkje-anonyme slaget.  

I kapitlet om ‘å gripa inn’ får lesaren vita at det bør skje på ein tydeleg adressert, men taktfull måte overfor dei partane som er involverte.

Når skal ein varsla? Kven skal ein varsla? Kor ofte skal ein varsla? Refleksjonar rundt desse spørsmåla er å finna i varslekapitlet.

Etter at Roland har kalla proposisjonen sjølvmotseiande og ikkje eigna til god praksis når det gjeld plikta til å undersøkja, fortel nestoren korleis det bør gjerast. Det er fleire forhold som bør undersøkjast: subjektive opplevingar, om det har skjedd krenkingar, ev. på kva måte og om den mobbutsette eleven er inkludert i skulemiljøet - om han har det trygt og godt. God praksis er å lytta til eleven og dei føresette, samt å gjera undersøkingar i skulemiljøet. Roland viser til to metodiske verktøy som er utvikla for å avdekka mobbing. Desse er ‘Innblikk’ og den som Læringsmiljøsenteret har utarbeidd, ‘Spekter’.

Tiltak går over tre kapittel, og tekst og figurar gjer det enkelt å forstå kva som er meint med serietiltak og simultane tiltak. Nokre tiltak og metodar er best eigna i ordinære mobbesaker, medan det må kraftigare lut til i komplekse saker. Roland held fram i sin autoritative stil, men det er noko eg stussar litt på: Mobbelova gjeld for alle elevar frå første til siste trinnet i opplæringsløpet. Når ein skal ta opp mobbinga med utøvarane, så meiner forfattaren at konfronterande samtalar er den beste framgangsmåten same om ein er 6 år gamal eller 19. Eg er på ingen måte eksperten her, men stiller eit lite spørsmål om det.      

Roland kjem også inn på at både dei som blir utsett for mobbing og dei som utøver, kan ha bruk for oppfølgjing ei lang stund etter at mobbinga er over. Visste du forresten at så mange som 30% av mobbeofre har symptom på posttraumatisk stressliding med bakgrunn i mobbehistoria deira?

Etter at ein elev eller føresett har teke opp eit mobbetilfelle med skulen (rektor), er det etter Roland si meining umogleg, slik lova krev, at ein i løpet av ei veke skal undersøkja ei mobbesak, vita kva problemet er, og ha lagt ein plan for korleis saka skal løysast. Eg er ikkje i tvil om at det er vanskeleg, men umogleg?

Etter at mobbelova vart gjeldande frå skuleåret 2017/2018, har Fylkesmannen motteke mange klager. Det er Fylkesmannen som er klageinstans og handhevar enkeltsaker om mobbing, ikkje Barneombodet, slik som Djupedal-utvalet føreslo. Det nest siste kapitlet handlar om Fylkesmannen.  

Eit svakt punkt i mange fagbøker, er at det manglar ei god oppsummering og tydelege oppmodingar eller konklusjonar. Det er ikkje tilfelle her. Etter mi meining er «God praksis», som det siste og 19. kapitlet, eit skuleeksempel på korleis slikt kan gjerast.  

Viss eg hadde gitt karakter til boka, hadde det vorte ein høg ein. Viss eg hadde trilla terning, hadde han hatt mange prikkar på sideflata. Boka rettar seg først og fremst til skuleleiarar, tilsette i skulen og til dei som er under lærarutdanning. Eg oppmodar dei, og fleire til, om å lesa boka, så går vonleg mobbetala ytterlegare ned i framtida.

 

Boka er gitt ut på Fagbokforlaget (2020)