Hold Ctrl-tasten nede (Cmd på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Lytt til tekst
Skriv ut side
Facebook
Lukk

Tips en venn om nettstedet

Din venns e-postadresse
Ditt navn
Din beskjed
(URL til nettstedet blir automatisk lagt inn i e-post meldingen.)

Send tips

Gode foreldrerelasjoner

20.07.2020 | Redaksjonen

Då eg for eit kort halvår sidan omtala boka Skole-hjem-samarbeid (Unn-Doris K. Beck, 2019), skreiv eg: «Det er ikkje så ofte det blir gitt ut bøker som berre handlar om samarbeid mellom heim og skule». Det vart også påpeika av underteikna at sjangeren ‘skule-heim-samarbeid’ har fått for liten plass i rampelyset. Gode foreldrerelasjoner av Cecilie Pedersen Dalland og Pernille Grepp Knutsen er ei ny bok i same sjangeren, men har eit anna fokus. Førstnemnde bok har ei teoretisk og akademisk tilnærming, medan denne boka er praksisorientert. Begge står seg godt åleine, men kompletterer kvarandre godt.      

Ein kan trygt seia at forfattarane har lang fartstid bak kateteret. Utover det har C. Pedersen Dalland PhD i pedagogikk og er no tilsett ved OsloMet som førsteamanuensis, medan P. Grepp Knutsen, i tillegg til lærarutdanninga, har master i skuleleiing og er rektor ved Haslum barneskole i Bærum.

Gode foreldrerelasjoner er ei lita bok, litt større enn A-5 format, på knappe 140 sider. Sidan boka inneheld mange tipslister og råd, synest eg dette formatet er godt eigna. Her er det  mange idear å få, anten ein jobbar som lærar eller er pedagog under utdanning. Den gir råd  om korleis ein kan gjennomføra ulike typar foreldremøte, foreldresamtalar og elevsamtalar.

Om det ikkje står direkte i boka, så les eg at kor god relasjon lærarane får til foreldra ofte speglar relasjonen dei har til borna deira. Det er nok difor at også lærar-elev-relasjon får ein del merksemd i fleire kapittel. Foreldrerelasjon er noko meir enn «berre» eit skule-heim-samarbeid, og dei to forfattarane skildrar nettopp dette. Dei gir også ei forklaring på kvifor omgrepet foreldre er valt, framfor føresette.

Boka tek i all hovudsak for seg ulike former og nivå for formelt samarbeid, men er også innom samarbeid av det uformelle slaget. «Lapp i lomma», SMS og infobrev kvar fredag er eksempel på akkurat det. Underteikna likar godt at Pedersen Dalland og Grepp Knutsen legg stor vekt på positive forsterkingar. Med ros i banken til forfattarane (les positiv forsterking), tillèt eg meg å gi ein pirkete merknad: Eg synest godt dei kunne ha nemnt digitale plattformer for slikt uformelt samarbeid.

Klassikaren foreldremøte får mest merksemd, og sikkert med rette. Det er mange variantar av desse møta. Det er klassevise møte, felles for heile skulen, temamøte og fleire til. Felles for dei alle er at det skjer på formelt vis. Her får ein gode tips om innkalling, førebuing, gjennomføring, innhald og kva som bør skje etter møta. Må seia eg har sansen for tipset om å ringja til foreldre som ikkje møter. Eg trur nok ikkje det er vanleg i den norske skulen.  

Foreldremøte i klassar der det er ekstra utfordringar med klassemiljøet er også vektlagt i boka. Mobbing og trakassering er eksemplifisert med møte både for heile klassen, for berre foreldre til jenter eller berre for foreldre til gutar. Det er også via merksemd til sosiale medium, digital mobbing, digitale krenkingar og gaming. I tillegg til forslag til korleis sosiale medium kan bli diskutert med elevar og foreldre, er det også tips til korleis lærarkollegium kan diskutera slike tema seg imellom.

Artig og kreativ er to stikkord for den delen som skildrar «aktive foreldremøter». Her er det forslag til både dialogspel og rollespel. I den perioden eg sjølv gjekk på foreldremøte, ville eg nok ha tenkt at dialogspel hadde vore interessant og spennande, medan eg kunne ha styrt entusiasmen min for rollespel.   

Vidare tek boka føre seg individuelle samtalar og møte. Også i denne bolken er det fleire tips til inngangar, konkrete spørsmål ein kan stilla undervegs og til utgangar på utviklingssamtalar og tverrfaglege møte. I utviklingssamtalane let forfattarduoen elevane sjølve vera i fokus, som rett og rimeleg er. Noko anna som burde vore sjølvsagt, etter underteikna si meining, er at elevar også bør spela hovudrolla i tverrfaglege møte. Pedagogisk-psykologisk teneste, barnevernsteneste og helsesjukepleiar er aktuelle aktørar som kan vera til stades i lag med skulen i tverrfaglege møte. Det ser ut til at Pedersen Dalland og Grepp Knutsen synest at det berre er ungdomsskuleevar som kan vera med på slike tverrfaglege møte. Meiner dei at ein 5.- 6.- eller 7.- klasseelev ikkje kan delta? Kor gamal må ein vera for å ha rett til å bli høyrt og for å få seia meininga si?

I det 13-årige skuleløpet er det enkelte overgangar som kan vera litt vanskelege, både for elevar og foreldre. Fleire av desse overgangane blir tekne opp. Forfattar-tospannet minner lærarar og studentar på kva som kan vera lurt å hugsa på i kommunikasjonen i overgangen mellom barnehagen og skulen, småskulen og mellomsteget, barne- og ungdomskulen og mellom ungdomsskule og vidaregåande opplæring. 

At skulen er pliktig til å samarbeida med foreldre på ulike måtar og på ulike nivå, er heimla i opplæringslova og i forskrift som høyrer til. Det siste kapitlet, viss ein ser bort frå den korte avslutninga, handlar om det som dei fleste foreldre prøver å unngå. Det er nok ikkje så mange som ivrar etter å bli klassekontakt, sitja i foreldra sitt arbeidsutval (FAU), kjempa for ein plass i samarbeidsutvalet eller driva valkamp for å hamna i skulemiljøutvalet. Kapitlet tek altså føre seg samarbeid på overordna formelt nivå.   

Sidan karakterar, om ein likar det eller ei, er viktige i skulen, kunne det vore freistande å gi boka både standpunktkarakter og ordenskarakter. Men det får bli med freistinga.

Det er nokre slurvefeil i boka, som at den aller siste sida burde vore den første og at forfattarane ikkje leverer den avslutninga  som vart lova i innleiinga. Noko som kanskje ikkje er slurvefeil, men når kjelder ikkje blir referert til når nokon fortel eller skriv ‘forsking viser’, let eg meg ergra. Forfattarane greidde å ergra meg.

Boka er lite dekkande i forhold til kultursensitivitet og til vanskelege/naudsynte samtalar. Det gjeld også samarbeid kring viktige tema som skulevegring, skulking, psykiske vanskar og rus. Eg kunne også tenkt meg at boka hadde pirka litt meir bort i den private sfæren.

Sjølv om det er nokre merknader her og der, så er det likevel lett for meg å tilrå boka. Ho lever opp til intensjonen om å sjå nærare på korleis ein kan leggja til rette for godt skule-heim-samarbeid. For å bruka skulekjøkenterminologi, er boka full av spennande og artig krydder, og ho er utstyrt med mange gode tips til korleis det kan leggjast opp til m.a. ulike foreldremøte og utviklingssamtalar. 

Boka er gitt ut på Fagbokforlaget (2020).