Hold Ctrl-tasten nede (Cmd på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Lytt til tekst
Skriv ut side
Facebook
Lukk

Tips en venn om nettstedet

Din venns e-postadresse
Ditt navn
Din beskjed
(URL til nettstedet blir automatisk lagt inn i e-post meldingen.)

Send tips

Mobbeforskingas historie – forminga av eit forskingsfelt

Fagfellevurdert artikkel

20.05.2019 | Cecilie Boge

Nøkkelord

mobbing, mobbeforsking, vitskapshistorie, teknovitskap, Olweus, Roland

gjennom store omveltingar etter innføringa av 9-årig grunnskule i 1969. Ettersom Arbeiderpartiet hadde dominert dei fleste regjeringane i denne perioden, blei uroa utnytta av konservative politikarar. I valåret 1977 var ei av hovudslagorda for Høgre «Ro i skolen» og partiet argumenterte med at for å få dette til måtte kunnskapen igjen stå i sentrum (Monsen og Ålvik, 1983, s. 225). 1970-talets skulereformar, m.a. Mønsterplanen av 1974, hadde gitt lærarane stor valfridom i kva fagstoff det skulle undervisast i, noko Høgre ville reversera. Dette var dessutan del av ei større internasjonal konservativ rørsle, som var i opposisjon til den radikale reformpedagogikken som hadde dominert skulefeltet brorparten av tiåret, og som mellom anna hevda at den radikale reformpedagogikken hadde ført til nivåsenking og disiplinproblem i skulen (Telhaug, 1980, s.338-339).

I 1981 gav Alfred Oftedal Telhaug og Svein Egil Vestre ut boka Normkrise og oppdragelse, som inneheldt artiklar skrivne av lærarar, pedagogar og psykologar. Fellesnemnaren er drøftinga av kvifor landa hadde hamna i ei normkrise og kva denne krisa innebar. Ein av bidragsytarane til boka var Dan Olweus. I artikkelen ser vi at tilnærminga hans til mobbeproblematikken var blitt noko oppmjuka med åra, i den forstand at han ikkje lenger utelukkande forklarte aggresjon ut frå individuelle personlegdomstrekk. Basert på svenske data, forklarer han mellom anna auken i aggressive barn frå 1960-talet og fram til tidleg på 1980-talet med samfunnsmessige endringar. Svenske mødrer var tidlegare arbeidande samanlikna med deira norske søstrer, og Olweus meiner auken i barn som på dagtid blei tatt hand om av sekundære omsorgspersonar, som barnehage eller dagmamma, er ein av forklaringane, ettersom det då blir mindre korreksjon av aggressiv åtferd (Olweus, 1981, s. 71-72).

I løpet av 1970-talet blei mobbing for alvor etablert som ein av fleire viktige faktorar innan problemfeltet som handla om skulemiljøet. Dette var ikkje berre noko som blei diskutert i aviser og tidsskrift. Heile tre offentlege utgreiingar relatert til oppvekst- og skulemiljøet blei avlevert til regjeringa i perioden 1977-1981, der mobbing blei peika på som ei av fleire sentrale utfordringar i samtida (NOU 1977:6, NOU 1978: 1, NOU1981: 37). Det at problemfeltet var så grundig etablert, meiner eg var ein av fleire avgjerande faktorar for den politiske handlekrafta som skulle oppstå tidleg på 1980-talet.

Mobbing på den politiske agendaen – nasjonal kampanje mot mobbing i 1983
I romjula 1982 vakna lesarane av avisa Tromsø opp til overskrifta «Mobbing i skolen bak tragedier i Tromsø: 3 barn begikk selvmord» (Tromsø 28.12.1982). Trass i at kombinasjonen av mobbing og sjølvmord ikkje var heilt ukjent i Noreg på denne tida, markerte denne avisartikkelen starten på ein mediestorm som skulle bli avgjerande for mobbeforskingas utvikling. Bakgrunnen for saka var at tre tromsøgutar i 10-12 årsalderen hadde tatt sitt eige liv, der mobbing blei oppgitt å vera den utløysande årsaka. Den unge alderen kombinert med at det var heile tre gutar frå ein relativ liten by, gjorde at saka raskt blei plukka opp av dei store regions- og riksavisene. I kjølvatnet av Tromsø-sakene kom det fram at også i Oslo hadde skuleelevar tatt sitt eige liv av same grunn (Aftenposten, 29.12.1982, Dagbladet, 30.12.1982).

I Tromsø blei det allereie på nyåret 1983 sett ned ei kommunal arbeidsgruppe som skulle betra kommunikasjonen mellom ulike offentlege instansar for å hindra at noko liknande kunne oppstå i framtida (Nordlys, 30.12.1982, Tromsø, 30.12.1982). Ein dryg månad seinare blei problematikken heva opp på regjeringsnivå då dåverande kyrkje- og undervisningsminister Tore Austad frå Høgre inviterte til eit rådgivingsmøte om mobbing i departementet. Resultatet av møtet var at det blei sett ned ei handlingsgruppe under Kyrkje- og undervisingsdepartementet (KUD) som skulle utarbeida ein nasjonal handlingsplan i to delar: ei landsdekkjande undersøking som alle landets grunnskuleelevar skulle svara på, og ein nasjonal kampanje mot mobbing for alle skulane i landet (Norsk skoleblad nr. 9, 1983, s. 48). I denne gruppa sat mellom andre Dan Olweus og Erling Roland, forskar ved Stavanger Lærerhøgskole, som hadde gitt ut boka Strategi mot mobbing samstundes med at sjølvmordssakene eksploderte i media (Roland, 1983).

Denne arbeidsgruppa er interessant av fleire grunnar. For det første låg arbeidsgruppa under den politiske leiinga ved departementet, og ikkje under Grunnskolerådet (departementets eige rådigvande organ i skulespørsmål), som normalt hadde ansvar for slike tiltak (Roland, 1989a, s. 152). Høgre-regjeringa var framleis relativt fersk og ettersom partiet hadde hatt skulepolitikk som ei av kjernesakene i dei to føregåande valkampane, var dette ei sak dei ville ha kontroll på for å kunna visa handlekraft i ei vanskeleg sak (Boge, 2016, s. 135-136).

For det andre er denne arbeidsgruppa særleg interessant frå eit vitskapshistorisk perspektiv, ettersom Dan Olweus gjennom denne arbeidsgruppa fekk det vitskaplege ansvaret for å gjennomføra ei landsdekkjande undersøking for å avdekkja omfanget av mobbing i Noreg. Dette blei gjort ved at det blei sendt ut eit spørjeskjema til alle landets grunnskuleelevar.

Olweus hadde i fleire år forska på utforminga av slike sjølvrapporteringsskjema for å undersøkja mobbing og aggresjon, og våren 1983 hadde han dessutan starta opp ein detaljert studie av mobbing ved 28 barneskular og 14 ungdomsskular i Bergen. Denne såkalla Bergensstudien omfatta rundt 3000 elevar, 1200 foreldre og fleire hundre lærarar og skuleleiarar (Manger og Olweus, 1985, s. 20). Det same spørjeskjemaet blei nytta både i den lokale studien i Bergen og i den nasjonale undersøkinga som KUD-arbeidsgruppa var ansvarleg for. Første undersøking i Bergen var altså våren 1983, hausten 1983 blei den nasjonale undersøkinga gjennomført, og våren 1984 og 1985 blei det igjen gjennomført to lokale studiar i Bergen på dei same skulane (Manger og Olweus, 1985 s. 20). Som eit viktig supplement, fekk lærarane ved skulane i Bergen som deltok i forskingsprosjektet, litt ekstra oppfølging. I januar 1985 fekk desse bergenslærarane munnlege tilbakemeldingar frå prosjektleiinga om resultata frå undersøkingane på eigen skule, samt repetisjon av tiltaka mot mobbing (Manger og Olweus, 1985 s. 20). Resultatet av både Bergensstudien og den nasjonale studien var eit stort og avgjerande datamateriale som på mange måtar dannar ryggraden i Olweus si vidare mobbeforsking, og ikkje minst grunnlaget for utviklinga av Olweusprogrammet mot mobbing og antisosial atferd. I tillegg fekk Olweus prøvd ut eit spørjeskjema han seinare vidareutvikla til Olweus Bullying Questionnaire, som i dag er eit registrert varemerke og eit av dei mest brukte skjemaa på verdsbasis for å avdekkja mobbing (Jacobson, 2013, s. 11, Smith, 2014, s. 43).

Ved å nytta det same spørjeskjemaet i alle desse undersøkingane kunne Olweus måla effekten av den nasjonale kampanjen mot mobbing. Til stor pressedekning blei «Aksjon mot mobbing» lansert 1. oktober 1983 av den ferske kyrkje- og undervisningsministeren Kjell Magne Bondevik frå KrF, som hadde gått inn i regjering med Høgre sommaren 1983. Departementet hadde fått utvikla ein «mobbepakke» til kampanjen, som mellom anna inneheldt eit lærarhefte, Mobbing – bakgrunn og tiltak, skriven av Dan Olweus og Erling Roland. I tillegg blei det laga ein foreldrebrosjyre som klargjorde kva aksjonsgruppa la i mobbeomgrepet og som gav foreldra råd mot mobbing. Til slutt var det laga ein videofilm, Mobbing. Scener fra barns hverdag, som skulle danna grunnlag for diskusjonar til bruk på foreldremøte, lærarmøte og i klassen (Norsk skoleblad nr. 36, s. 4; Olweus og Roland, 1983, s. 19).

Men der den nasjonale undersøkinga var understøtta av tydeleg informasjon frå departementet i ulike rundskriv og pressemeldingar, verka sjølve kampanjen å vera underkommunisert ovanfor skulane og i tillegg verka det å ha vore uklare ansvarslinjer for gjennomføringa (Boge, 2016, s. 148). Tala som kom ut av undersøkinga, skulle derimot visa seg å vera alt anna enn uklare. Rett før jul i 1984 blei tala frå den nasjonale undersøkinga offentleggjort og dei sjokkerte: Over 80 000 elevar, drygt 15 % av elevmassen, viste seg å vera innblanda i mobbing, anten som offer eller som mobbar. Mellom 25 000 og 30 000 av desse blei sjølv plaga eller plaga andre ein gong i veka eller oftare (Pressemelding 120-84 KUD). Tala viste dessutan at mobbing var minst like vanleg i små, fådelte skular på landsbygda, som i store byskular, og at det var meir mobbing blant gutar enn blant jenter. Funna samsvarte med tal frå ei undersøking Olweus hadde gjennomført i Sverige, berre at dei svenske tala var noko høgare (Olweus, 1986, s. 21-22). I 1988 var Olweus ferdig med å undersøkja effektane av den nasjonale kampanjen og den ekstra oppfølginga dei deltakande skulane i Bergensstudien hadde fått. Resultata forbløffa alle. Talet på elevar som var innblanda i mobbing, anten som mobbar eller offer, var blitt redusert med 50 %. I tillegg hadde Olweus målt ein reduksjon i det han kalla «generell asosial åtferd», som hærverk, tjuveri og skulking (Olweus, 1991, s. 438).

Erling Roland hadde fått i oppdrag frå departementet å måla effektane av 1983-kampanjen på skular i Rogaland. Desse skulane fekk ikkje noko ekstra oppfølging slik bergensskulane som deltok i Olweus sitt forskingsprosjekt fekk. Roland samanlikna tala frå den landsdekkjande undersøkinga i september 1983 med tala frå ei ny undersøking som blei gjennomført oktober 1986, der det same spørjeskjemaet blei brukt. I motsetnad til i Bergen, fann Roland at talet på elevar som mobba hadde auka i perioden, og aller mest ved skular som ikkje hadde følgd opp kampanjen på noko vis (Roland, 1989a, s. 169-170). Og nettopp dette var ein lærdom både Olweus og Roland tok med seg vidare i forskingsarbeidet sitt.

Arbeidet med den nasjonale kampanjen i 1983 viser korleis politikarane og forskarane utnytta ei gjensidig avhengigheit som oppstod i det sjølvmordssakene i Tromsø eksploderte i media og krisa var eit faktum. Samarbeidet resulterte i at Høgre-regjeringa framstod som handlekraftig innan eit område dei i lang tid hadde investert mykje krefter på, og Olweus og Roland fekk prøvd ut teknovitskapen sin i praksis på alle landets grunnskular.

Konsolideringa av eit forskingsfelt

Dei første dagane i august i 1987, samlast rundt 40 deltakarar frå 12 ulike europeiske land i Stavanger til det som mest sannsynleg var den første internasjonale mobbforskingskonferansen. Resultatet av konferansen var antologien Bullying. An international perspective, redigert av Erling Roland og Elaine Munthe ved Stavanger lærerhøgskole. Blant bidragsytarane finn vi mange av dei som seinare skulle bli leiande mobbeforskarar internasjonalt, mellom anna den britiske psykologen Peter K. Smith og den irske psykologen Mona O’Moore, som begge var svært sentrale for framveksten av høvesvis britisk og irsk mobbeforsking (Smith, 1999; Byrne, 1999). På konferansen presenterte Roland den skandinaviske forskinga på feltet, som på dette tidspunktet stort sett utelukkande var basert på Olweus si forsking.

I Europa var det på denne tida svært få som hadde forska på mobbing, noko som førte til at deltakarane reiste heim med Olweus sin definisjon og metode for å undersøkja mobbing. Året før, i 1986, hadde Olweus hatt klar den første versjonen av Olweus Bullying Questionnaire, som på det tidspunktet inneheld ein definisjon av mobbing og 39 spørsmål om mobbing og trivsel i skulen (Solberg & Olweus, 2003, s. 242). Skjemaet var utvikla på bakgrunn av over ti års forsking på metoden, samt utprøving i storskala under KUD-kampanjen mot mobbing i 1983 og i Bergensstudien. Det at mange av dei europeiske forskarane tok med seg Olweus-skjemaet for å undersøkja mobbing i sine respektive heimland hadde klare fordelar med tanke på å samanlikna førekomsten av mobbing i dei ulike landa og særleg opp mot dei skandinaviske studiane til Olweus. Samstundes blei Olweus si forståing og perspektiv på mobbeproblematikken spreidd ut i Europa (Boge, 2016, s. 177-180).

Som ein direkte konsekvens av den nasjonale kampanjen i 1983 utvikla både Dan Olweus og Erling Roland kvart sitt tiltaksprogram mot mobbing. Olweusprogrammet mot mobbing og antisosial atferd er basert på tiltakspakken i den nasjonale kampanjen i 1983, men vidareutvikla og revidert fleire gongar seinare. Første delen av programmet handlar om å få oversikt over mobbeproblematikken ved deltakarskulen ved å la elevane svara anonymt på Olweus Bullying Questionnaire. For å kontrollera utviklinga ved skulen, bør denne undersøkinga gjentakast med jamne mellomrom. Tiltaksdelen av programmet finn vi att i Dan Olweus si mestselgjande bok Mobbing i skolen. Hva vi vet og hva vi kan gjøre (1992), ei bok som stadig blir trykt opp i nye opplag og er omsett til 25 språk (Olweus Bullying Prevention Program, Clemson University). På 1990-talet starta Olweus eit samarbeid med den amerikanske psykologen Susan P. Limber, i dag professor ved Clemson University i Sør-Carolina. Saman tilpassa dei tiltaksprogrammet for amerikansk skule. Utover på 1990 og særleg 2000-talet dreiv Olweus og forskingsgruppa hans mykje med evalueringsforsking på effektane av Olweusprogrammet. Ettersom Bergensstudien frå midten av 1980-talet hadde vist over 50 % reduksjon, var det stor interesse for Olweusprogrammet, forskinga og evalueringa av programmet. Gjennom ein lang forskarkarriere har Olweus publisert over hundre vitskaplege artiklar og er i dag den mest siterte skandinaviske forskaren innan psykologi og pedagogikk (Olweus Bullying Prevention Program, Clemson University).

I ein gjennomgang av Olweus sine publiserte artiklar frå 1990-talet, fann eg at mange av desse artiklane følgjer eit bestemt mønster som underbyggjer og konsoliderer Olweus sitt vitskaplege prosjekt: Først kjem ein presentasjon av mobbeproblematikken, deretter ei oversikt over Olweus si forsking og til slutt suksesshistoria om Olweusprogrammet, som altså førte til 50 % reduksjon av mobbing ved 42 bergensskular (Olweus, 1990). Undersøkingane, datagrunnlaget, vinklinga og metodane varierer frå artikkel til artikkel, men den overordna forteljinga ligg fast i over 20 artiklar frå dette tidsrommet. Saman med omfattande deltaking på konferansar i inn- og utland, var dette med å spreia Olweus sitt perspektiv på mobbing ut i verda(Boge, 2016, s. 187-188). Dette perspektivet har i følgje dei svenske forskarane bak forskingsoversikten frå 2002, vore så dominerande innan feltet at dei har kalla Olweus si forsking for paradigmatisk:

Olweus forskningsinsatser utgör ett mönsterexempel som styr forskningen i fråga om vad som är problem och hur dessa löses. Detta paradigm talar om vad mobbning är (ontologi), den anvisar vägen till giltig kunskap (epistemologi) och lämpliga tillvägagångssätt för datainsamling (metod). (Eriksson mfl., 2002, s. 98)

Men trass i verdas første nasjonale kampanje mot mobbing og omfattande forsking på feltet, var mobbeproblematikken på ingen måte løyst.

Arven etter Olweus: Mobbeforsking som teknovitskap
Vinteren 1995 skulle Noreg igjen oppleva ein mediestorm som handla om mobbing og vald i skulen. Ved Skedsmovollen ungdomskole blei ein 15-åring knivstukke av ein medelev som følgje av langvarig mobbing (VG, 10.01.95). Hendinga opna ein politisk debatt starta av Olweus, som foreslo ei lov mot mobbing (Aftenposten, 11.01.95). I første omgang førte debatten til at mobbing indirekte blei inkludert i Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (Opplæringslova) av 17. juli 1998, men etter ein ny politisk dragkamp blei endeleg mobbing inkludert i Opplæringslova 20. desember 2002, i § 9a-3. Det psykososiale miljøet.  

Ein annan konsekvens av mediestormen rundt mobbeproblematikken på midten av 1990-talet, var ein ny nasjonal aksjonsplan mot mobbing. Ansvaret for å utvikla denne aksjonen, gjekk til Erling Roland og Senter for atferdsforsking (SAF) ved dåverande Stavanger Lærerhøgskole. Basert på eiga forsking i over ti år og erfaringane frå å vera med i handlingsgruppa for den nasjonale KUD-kampanjen i 1983, hadde Roland utvikla ein eigen strategi mot mobbing. Vi hugsar også at Roland fekk ansvar for ein oppfølgingsstudie av KUD-kampanjen i Rogaland på andre halvdel av 1980-talet. Til forskjell frå Olweusprogrammet, er Roland sitt tiltaksprogram fundamentert på det han kallar ein «systemorientert strategi» (Roland, 1989b, s. 147). Her ligg fokuset på læraren og lærarens rolle i klassen, ettersom ein lærar med stor tillit blant elevane har naturleg autoritet og stor påverknadskraft. I tillegg handla programmet om å skapa gode relasjonar mellom lærar og kvar enkelt elev, samt gode relasjonar i lærarkollegiet og til foreldra (Roland og Vaaland, 1996, s. 19-20).

I 2002 lanserte dåverande statsminister Kjell Magne Bondevik det første av fleire Manifest mot mobbing. Manifestet forplikta alle partnarane – regjeringa, barneombodet, Kommunenes Sentralforbund, Utdanningsforbundet, samt Foreldreutvalget for grunnskolen – å jobba aktivt mot mobbing i skulen (Bondevik, 2002). Målet var nullforekomst av mobbing innan to år. Utgangspunktet for dette initiativet mot mobbing, var at barneombodet rundt årtusenskiftet hadde fått eit aukande tal bekymra førespurnader om mobbing frå barn, unge, skulefolk og lokalpolitikarar. Som følgje av dette, utfordra barneombod Trond Waage kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet til å «målsette en «null-forekomst» av mobbing i norske skoler innen tre år» (VG, 13.12.2001). I tillegg til å skriva under på manifestet, inviterte Utdanningsdirektoratet fagfolk til å utarbeida ei felles forståing for mobbeoproblematikken. To av medlemmene var Dan Olweus og Erling Roland.

Igjen ser vi at Olweus og Roland blei invitert med i utviklingsarbeid når politikarane hadde behov for påfyll av fagleg kompetanse, noko som på ingen måte er uvanleg. Men det at mobbeforskingsmiljøet i Noreg var så lite, førte til at deira kunnskapsforståing regelmessig blei stadfesta via politisk handling, noko som igjen førte til at dette bestemte perspektivet blei spreidd ut i skulen og i samfunnet for øvrig. Ein annan milepæl i utviklinga av tiltaksprogramma var at alle landets barne- og ungdomsskular hausten 2001 fekk tilbod om å ta i bruk Olweusprogrammet mot betaling (Aftenposten,15.08.2001). Våren 2003 blei dette tilbodet utvida, då Senter for atferdsforsking fekk i oppdrag å revitalisera mobbeprogrammet frå 1996, utvikla av Erling Roland. Dette programmet blei frå 2003 kalla ZERO, oppkalla etter nullvisjonen i det første mobbemanifestet (Pressemelding, Utdannings- og forskingsdepartementet, 2003). I følgje ein aktivitetsrapport frå hausten 2003, ville 381 skular ta i bruk Olweusprogrammet i perioden 2002-2004, og 184 skular ville delta i programmet ZERO i skuleåret 2003/2004 (Aktivitetsrapport, 2003).

På same måte som under den nasjonale kampanjen mot mobbing på 1980-talet, ser vi her korleis det tettvevde samarbeidet mellom politikarane, forskarane og tiltaksprogramma utspelar seg. I Noreg har mobbeforskinga vore prega av dette samarbeidet sidan 1980-talet og heilt fram til i dag og resultatet er at mobbeforskinga, slik det har utvikla seg under Dan Olweus og seinare Erling Roland, kan sjåast på som ei form for teknovitskap. Mobbeforsking handlar ikkje berre om å vita kva som forårsakar mobbing, det handlar vel så mykje om tiltak for å avgrensa mobbing og evalueringsforsking for å måla effektane av tiltaka. Evalueringsforskinga er naturlegvis viktig for å få kunnskap om effektane av programma, og særleg er det viktig om ein vil nå opp i eksterne evalueringar av programeffektivitet. Olweusprogrammet har mellom anna fått svært gode vurderingar i slike undersøkingar, både i det amerikanske Blueprints for Violence Protection (Olweus, Limber & Mihalic, 1999) men også i den norske rapporten Felles fokus – en studie av skolemiljøprogrammer i norsk skole (Eriksen, Hegna, Bakken & Lyng, 2014).

Ei komplisert bakside av teknovitskapleg forsking er derimot at dei samanvevde interessene mellom dei ulike partane kan vera så tette at det er vanskeleg å skilja dei frå kvarandre. Ofte er det dei same personane som både forskar på problemet, utviklar tiltaksprogram med statleg stønad og gir råd til politikarane, som i neste omgang oppmodar skulane om å ta i bruk desse tiltaksprogramma mot betaling. I tillegg utfører dei same forskingsmiljøa evalueringsforsking som vurderer effekten av programma dei har utvikla. Dette treng ikkje vera problematisk, men auka refleksjon rundt denne komplekse veven vil koma forskingsfeltet til gode ved at det vil framstå som meir ope og transparent.

Samanlikna med våre naboar i aust og sør, har norsk mobbeforsking i mykje større grad vore prega av to sterke profilar, Olweus og Roland og deira faglege perspektiv som er forankra innan psykologien og pedagogikken. I Sverige og Danmark har det det siste tiåret blitt gjennomført fleire ulike mobbestudiar med utgangspunkt i heilt andre fag, som t.d. sosiologi, filosofi og jus, for å nemna nokon (Boge 2016, kap. 8). Debatten i nabolanda våre er meir kritisk til det etablerte perspektivet innan feltet, noko som har tilført feltet fleire perspektiv som kanskje vil gi fruktbare resultat på sikt.

Avslutting
Vitskap eksisterer ikkje i eit vakuum, men er eit resultat av samtida som formar han. Mobbeåtferda blei tematisert og problematisert i ei tid då relasjonane mellom barn blei synlege for dei vaksne på ein ny måte. I den tidlege fasen på 1970-talet utvikla forskingsfeltet seg i ei brytingstid då skulemiljøet var i søkjelyset og der mobbing blei sett på som ein del av eit større problem. Men det avgjerande punktet for mobbeforskingas utvikling var gjennomføringa av den nasjonale kampanjen mot mobbing hausten 1983. Her fekk Dan Olweus ein gyllen sjanse til å samla inn data om mobbing frå alle landets grunnskular, noko som gav han eit enormt empirisk forsprang. Funn frå grundige studiar blei spreidd ut i verda og eit nytt internasjonalt forskingsfelt blei forma etter mønster frå Olweus sine studiar i Noreg. I tillegg utvikla norsk mobbeforsking seg til å bli ein særeigen måte å vita på, kjenneteikna av både forsking på mobbing, utvikling av tiltak og forsking på effektane. Sentralt i denne utviklinga var ein vekselverknad som både forskarane og politikarane drog nytte av, ettersom forskarane fekk prøvd ut forskinga og tiltaka i skulen, medan politikarane fekk vist handlekraft i ei vanskeleg sak. Auka refleksjon rundt desse tette relasjonane og fleire ulike perspektiv på mobbeproblematikken vil kanskje føra mobbeforskinga i andre retningar i tida som kjem. Djupedal-utvalets utgreiing Å høre til. Virkemidler for et trygt psykososialt miljø (NOU 2015:2) peikar på at utvida kunnskap om mobbing er viktig og ikkje minst nødvendig.

Litteraturliste:
Aktivitetsrapport, Manifest mot mobbing, 10.04.2003:  
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/manifest-mot-mobbing---aktivitetsrapport/id106012/?q=manifest%20mot%20mobbing%202002  
(lasta ned 20.01.19).

Agevall, Ola. (2007a). Mobbning, interaction och meningsproduktion. Lokala kulturer, indviduella trakasserier och kategoriell uteslutning. I Carleheden, M., Lidskog, R. og Roman, C. Social interaction – förutsättningar och former (164-188). Malmö: Liber.

Agevall, Ola. (2007b). The Career of Mobbing: Emergence, Transformation, and Utilisation of a New Concept. Rapport nr. 29, 2008. Växjö universitet.

Andresen, A., Garðarsdóttir, Ó., Janfelt, M., Lindgren, C., Markkola, P. & Söderlind, I. (2011). Barnen och välfärdspolitiken. Nordiska barndomar 1900-2000. Stockholm: Dialogos Förlag.

Boge, Cecilie. (2016). Frå individuell aggresjon til sosiale prosessar. Mobbeforskingas etablering og utvikling i skjeringspunktet mellom vitskap og politikk (Doktoravhandling). Universitetet i Bergen, Bergen.

Boge, Cecilie & Larsson, Anna. (2018). Understanding Pupil Violence. Bullying Theory as Technoscience in Sweden and Norway. Nordic Journal of Educational History, 5 (2), 131-149.

Bondevik, Kjell Magne, 2002, tale ved åpning av konferanse mot mobbing, https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/konferanse_mot_mobbing/id266361/ 

Byrne, Brendan. (1999). Ireland. In Smith, Morita, Junger-Tas, Olweus, Catalano & Slee (eds.). The Nature of School Bullying. A Cross-National Perspective. London: Routledge.

Cunningham, Hugh.  (1996). Barn og barndom fra middelalder til moderne tid. Oslo: Ad Notam Gyldendal.

Eriksen, Ingunn Marie; Hegna, Kristin; Bakken, Anders og Lyng, Selma Therese. (2014). Felles fokus. En studie av skolemiljøprogrammer i norsk skole. Rapport nr. 14/15. Oslo: Velferdsforskningsinstituttet NOVA.

Eriksson, Björn; Lindberg, Odd; Flygare, Erik og Daneback, Kristian (2002). Skolan – en arena för mobbning – en forskningsöversikt och diskussion kring mobbning i skolan. Stockolm: Skolverket.

Hackett, E. J., Lynch, M. E., Amsterdamska, O., Lynch, M. & Wajcman, J. (Eds.). (2008). The handbook of science and technology studies. Cambridge, MA: MIT Press.

Hauge, Ragnar. (1975). ”Skolebøllen” – en realitet eller myte? Norsk Pedagogisk Tidsskrift, hefte 6, 194-208.

Heinemann, Peter-Paul. (1969). Apartheid. Liberal Debatt, 22 (2), 3-14.

Jacobson, Ronald B. (2013). Rethinking School Bullying: Dominance, Identity and School Culture. New York: Routledge.

Kofoed, Jette og Søndergaard, Dorte Marie (Red.). (2009). Mobning – sociale processer på afveje. København: Hans Reitzels Forlag.

Kofoed, Jette og Søndergaard, Dorte Marie (Red.) (2013). Mobning gentænkt. København: Hans Reitzels Forlag.

Koops, Willem. (2012). A discussion on bullying and cyberbullying: An introduction by the Editor. European Journal of Developmental Psychology, 9 (5), 517-519.

Larsson, Anna. (2008a). Mobbning: Ett socialt problem i tiden. I Pipping, G. C. Texter till Thomas. Festskrift till Thomas Kihlberg april 2008 (94-109). Stockholm: SULF.

Larsson, Anna. (2008b). Mobbningsbegreppets uppkomst och förhistoria. En begreppshistorisk analys. Pedagogisk Forskning i Sverige 13 (1), 19-36.

Larsson, Anna. (2010a). Mobbningsfrågan i förändring. Efterkrigstidens synsätt på skolbarns kamratrelationer. Historisk Tidskrift 130 (2), 241-264.

Larsson, Anna. (2010b). Mobbning: ett tidsbundet socialt problem? Socialvetenskaplig tidskrift 17 (2), 137-151.

Larsson, Anna. (2012). The discovery of the social life of Swedish Schoolchildren. Paedagogica Historica 48 (1), 121-135.

Lorenz, Konrad. (1967). Aggression: Dess bakgrund och natur. Stockholm: Norstedt.

Lorenz, Konrad. (2002). On aggression. London: Routledge.

Manger, Terje og Olweus, Dan. (1985). Tilbakemelding til skulane. Norsk skoleblad nr. 35, 1983, 20-22.

Monsen, Lars og Ålvik, Trond. (1983). Mer uro i skolen. Norsk pedagogisk tidsskrift, hefte 6, 225-226.

Myhre, Jan Eivind. (1994). Barndom i storbyen. Oppvekst i Oslo i velferdsstatens epoke. Oslo: Universitetsforlaget.

NOU 1977: 6. (1977). Ein samla offentleg politikk for oppvekstmiljøet. Tilråding levert til statsministeren.

NOU 1978: 1. (1978). Utredning om lov om oppvekstmiljø. En samlet offentlig politikk for oppvekstmiljøet. Avgitt til statsministeren.

NOU 1981: 37 (1981). Om skolemiljøet. Avgitt til Kirke- og undervisningsdepartementet.

NOU 2015: 2. (2015). Å høre til. Virkemidler for et trygt psykososialt miljø. Avgitt til Kunnskapsdepartementet.

Olweus Bullying Prevention Program, Clemson University, http://olweus.sites.clemson.edu/history.php (lasta ned 20.01.19).

Olweus, Dan. (1969). Prediction of aggression (On the basis of a projective test). Stockholm: Scandinavian Test Corporation.

Olweus, Dan. (1972). Personality and aggression. In Cole, J. K., & Jensen, D. D. Nebraska Symposium on Motivation, 1972. Lincoln, Neb.: University of Nebraska Press.

Olweus, Dan. (1973). Hackkycklingar och översittare: Forskning om skolmobbning. Stockholm: Almqvist & Wiksell.

Olweus, Dan. (1974). Hakkekyllinger og skolebøller: Forskning om skolemobbing. Oslo: Cappelen.

Olweus, Dan. (1981). Vad skapar aggressive barn? I Telhaug, A. O. og Vestre, S. E. (red.). Normkrise og oppdragelse. Artikler om holdningsdannelse og normoverføring i hjem, skole og samfunn. Oslo: Didakta Norsk Forlag AS.

Olweus, Dan. (1986). Mobbning. Vad vi vet och vad vi kan göra. Stockholm: Utbildningsforlaget.

Olweus, Dan. (1990). Bullying among schoolchildren. In Hurrelmann, K. and Lösel, F. (eds.). Health Hazards in Adolescence. Berlin: De Gruyter.

Olweus, Dan. (1991). Bully/Victim Problems Among Schoolchildren: Basic Facts and Effects of a School Based Intervention Program. In Pepler, D. J. and Rubin, K. H (eds.). The Development and Treatment of Childhood Aggression. Hillsdale, N.J.: Lawrence Erlbaum Associates.

Olweus, Dan. (1992). Mobbing i skolen. Hva vi vet og hva vi kan gjøre. Oslo: Universitetsforlaget.

Olweus, D., Limber, S. and Mihalic, S. (1999). Bullying Prevention Program. Blueprints for Violence Prevention, book nine. Blueprints for Violence Prevention Series (D. S. Elliott, Series Editor). Boulder, Colorado: Center for the Study and Prevention of Violence, Institute of Behavioral Science, University of Colorado.

Olweus, Dan og Roland, Erling. (1983). Mobbing – bakgrunn og tiltak. Oslo: Kirke- og Undervisningsdepartementet (særtrykk til Norsk Skole).

Pickstone, John. (1993). Ways of Knowing: Towards a Historical Sociology of Science, Technology and Medicine. The British Journal for the History of Science, 26 (91), 433-458.

Pickstone, John. (2001). Ways of Knowing: A New History of Science, Technology and Medicine. Chicago: University of Chicago Press.

Pickstone, John. (2011). A brief introduction to ways of knowing and ways of working. History of Science, 49 (164), 234-245.

Pikas, Anatol. (1975). Så stoppar vi mobbning! Rapport från en antimobbningsgrupps arbete. Stockholm: Prisma.

Pressemelding 120-84, Kirke- og undervisningsdepartementet, KUD (datert 13.12.1984). Riksarkivet, S-6143/D/Da/L0259/0004.

Pressemelding, Utdannings- og forskingsdepartementet, 10.04.2003, https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/fokus_pa_lokal_innsats_mot_mobbing/id249317/ (lasta ned 20.01.19).

Raundalen, Magne og Raundalen, Tora Synnøve. (1979). Er du på vår side! Rapport fra barnemiljøet, intervju med 4000 barn, foreldre og lærere. Oslo: Universitetsforlaget.

Roland, Erling. (1983). Strategi mot mobbing. Oslo: Universitetsforlaget.

Roland, Erling. (1989a). Tre år senere. Langtidsvirkninger i Rogaland av KUD’s landsomfattende aksjon mot mobbing. Stavanger: Stavanger Lærarhøgskole, Senter for atferdsforskning (Janusprosjektet).

Roland, Erling (1989b). A System Oriented Strategy Against Bullying. In Roland, E. and Munthe, E. (eds.). Bullying – An International Perspective. London: David Fulton.

Roland, Erling og Vaaland, Grete Sørensen. (1996). Mobbing i skolen – en lærerveiledning. Oslo: Kirke-, utdannnings- og forskningsdepartementet/Nasjonalt læremiddelsenter.

Smith, Peter K. (1999), England and Whales. In Smith, Morita, Junger-Tas, Olweus, Catalano & Slee (eds.). The Nature of School Bullying. A Cross-National Perspective. London: Routledge.

Smith, Peter K. (2014). Understanding School Bullying. Its Nature & Prevention Strategies. London: Sage Publications.

Solberg, Mona and Olweus, Dan. (2003). Prevalence Estimation of School Bullying With the Olweus Bully/Victim Questionnaire. Aggressive Behavior, 29 (3), 239-268.

Telhaug, Alfred Oftedal. (1980). Den pedagogiske høyrebølgen og vår holdning til den. Norsk pedagogisk tidsskrift, hefte 9, 338-343.

Telhaug, Alfred Oftedal og Vestre, Svein Egil (red.). (1981) Normkrise og oppdragelse. Artikler om holdningsdannelse og normoverføring i hjem, skole og samfunn. Oslo: Didakta Norsk Forlag AS.

Thuen, Harald. (2008). Om barnet. Oppdragelse, opplæring og omsorg gjennom historien. Oslo: Abstrakt forlag AS. Sommer, Dion. (2003). Barndomspsykologi. Udvikling i en forandret verden. København: Hans Reitzels forlag.

Avisartiklar:

Aftenposten, 29.12.1982. Barn mobbes til selvmord.
Aftenposten, 11.01.1995. Ta barn på alvor!
Aftenposten, 15.08.2001. Utdanner instruktører i antimobbing.
Dagbladet, 30.12.1982. Mobbet 12-åring gikk i skogen og hengte seg, To selvmord i Oslo.
Nordlys, 30.12.1982. Diskuterer mobbing i skolen.
VG, 10.10.1972. Pisket med PIGGTRÅD.
VG, 10.01.1995. Knivdrama i gymsal.
VG, 13.12.2001. Skift ut rektorer.
Tromsø, 28.12.1982, 3 barn begikk selvmord – flere hindret.
Tromsø, 30.12.1982, Taushetsplikten virker negativt.

Tidsskrift:

Norsk skoleblad, nr. 9, 1983, Tiltak i vente fra KUD, s. 48.
Norsk skoleblad, nr. 36, 1983, Videokassett om mobbing, s. 4.